Annonsert
3. desember 2020
Estimert verdi
2.4 mill. kr
Arbeidssted
Sundheimen i Øygarden kommune
Klassifisering
Byggningsinnstallasjonsarbeid
Øygarden kommune skal installere nytt pasientvarslingssystem, heretter kalla velferdsteknologi i Sundheimen, som omfattar 42 sengerom fordelt på 5 avdelingar. Velferdsteknologien som skal installerast i 5 avdelingar i Sundheimen, vil vere basert på trådlaust nettverk og omfatte følgjande ytingar: - Etablere infrastruktur med kabelbruer, stikk og datapunkt for montering av utstyr, levert av Atea eller annan leverandør, td. Øygarden kommune. - Elektriske sluttstykke på alle dører til pasientromma og andre rom som skal kunne låsast. - Levering og montering av kortlesar type med touchscreen, eller tilsvarande av omsyn til reinhald og smittevern. - Oppgradering av Wifi dekning i bygget for at den trådlause teknologien skal fungere. - Etablere sensor for styring av dørlås frå pasientromma - Branntetting og naudsynte bygningsmessige arbeid knytt til denne leveransen, skal vere inkludert i tilbodet. - Deltaking på tilbodssynfaring vil vere ein vesentleg del av tilbodsgrunnlaget.